Elverum

tettstad i Elverum From Wikipedia, the free encyclopedia

Elverum
Remove ads

Elverum er ein tettstad og administrasjonssenteret i Elverum kommune i Innlandet. Tettstaden ligg ved Glåma, med Leiret på austsida og Vestad på vestsida av elva, og har 15 869 innbyggjarar per 1. januar 2024. Dei fleste sentrumsfunksjonane og størsteparten av busetnaden ligg på Leiret. Her ligg rådhuset og den kommunale administrasjoenn, og ein del offentlege kontor som har heile Østerdalen eller Sør-Østerdal som verkeområde. På vestsida av elva ligg mellom anna jarnbanestasjonen, Skyte- og Vinterskolen for Infanteriet (Terningmoen) og ein del industri. Norsk skogmuseum og Glomdalsmuseet ligg i Elverum.

Kjappe fakta Land, Fylke ...

Tettstaden Elverum voks opp under skansen i Christiansfjeld, som vart bygd i 1680-åra. Frå 1750 vart den kjende Grundsetmartn halden her, og med utbygging av kommunikasjonane i nyare tid har staden styrkt posisjonen som handels- og skulesentrum.

Kommunestyret vedtok bystatus for Elverum i 1996. Namnet «Leiret» kjem av 'Elverums leir', her i tydinga militær leirplass.

Remove ads

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads