Lene Conradi
norsk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Lene Øistesø Winger Conradi (fødd 5. mai 1970) er ein norsk politikar for Høgre som har vore ordførar i Asker kommune sidan 2007. Ho er den fyrste kvinnelege ordføraren i Asker. Conradi er utdanna jurist, og var før ho blei ordførar politisk rådgjevar for ordføraren i Oslo, Per Ditlev-Simonsen. Ho blei vald inn i Asker kommunestyre i 1995 og var gruppeleiar for Høgre i perioden 2003-2007.
Conradi har som ordførar lagt stor vekt på moderniseringa av rolla til kommunen og nye kommunikasjonsformar med innbyggjarane i Asker. Ho har innført månadlege opne møte med innbyggjarane (Lene-timen), chat-basert kontakt med kommunen, og Askerdialogen. I 2012 vann Asker Entreprenørskapsprisen for sin integrasjon av entreprenørskap i undervising.[1] Kommunen har føretatt ei strategisk satsing på bredband og digitale tenester som i 2012 tok Asker til topps i ei nordisk rangering av IKT-politikken til byare i Noreg, Sverige og Danmark.[2][3]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads