Lene Hansen

forfattar From Wikipedia, the free encyclopedia

Lene Hansen
Remove ads

Lene Hansen (fødd 6. april 1971) er ein norsk samepolitikar og festivalgründer frå Kåfjord i Troms, seinare busett i Tromsø.

Kjappe fakta Fødd, Statsborgar av ...

Ho representerte Norske Samers RiksforbundSametinget i perioden 2005–2009.[1]

Hansen er utdanna lærer, og har arbeidd som lærar og journalist og som rådgjevar i Troms fylkeskommune.[2]

Lene Hansen var med på å starta den samiske kulturfestivalen Riddu Riđđu i Kåfjord i 1991, og ho var festivalsjef der til 2005.[3] Hausten 2006 vart Hansen vald til parlamentarisk leiar for sametingsgruppa til Norske Samers Riksforbund. Frå 2010 til 2011 var ho styreleiar for Riddu Riđđu.[4][5] Ho trekte seg frå vervet i festivalstyret for å unngå habilitetsproblem då ho vart tilsett i Troms fylkeskommune.[5]

I 2014 vart ho styreleiar for Beaivváš Sámi Našunálateáhter.[6][7] Som styreleiar for teateret var ho mellom anna ein nøkkelperson då teateret våren 2020 fekk gjennomslag for kravet om eit eige teaterbygg for det samiske kompaniet.[8][9][10][11] Hansen tok ikkje attval som styreleiar i 2020, og vart følgd av Maria Utsi.[12]

Remove ads

Bibliografi

  • 2008: Storm på kysten (sakprosa), Marg forlag[13]

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads