Lengasørbøk

From Wikipedia, the free encyclopedia

Lengasørbøk
Remove ads

Lengasørbøk[1] eller lenga (Nothofagus pumilio) er ein art av sørbøk (Nothofagus) og eit tre i sørbøkfamilien Nothofagaceae. Det er ein karakteristisk art i skogane sør i Argentina og Chile. Treet veks frå Maule-regionen til Magallanes i Chile, og dekkjer område frå 35° til 55° sørleg breiddegrad, og dessutan frå Neuquén-provinsen til Tierra del Fuego i Argentina.

Kjappe fakta

Trevirke av lengasørbøk blir brukt til møbelproduksjon.

Remove ads

Skildring

Thumb
Lenga
Thumb
Lenga i Aysén-regionen, Chile

Bladene er lauvfellande, 2 til 4 cm lange, mørkegrøne, og har ei rund eller elliptisk form med takka kantar, der det er to taggar mellom nervane. Om hausten skiftar blada farge til gult og raudt. Frukta er eit lite frø som måler 4 til 7 mm i lengd. Avhengig av kvar det veks, kan treet bli over 30 meter høgt, med ein diameter som kan overstige éin meter. Når det veks i store høgder, nær snøgrensa, har det form som ein middels stor busk (kalla lenga achaparrada).

Remove ads

Utbreiing

Lengasørbøk veks i den sørlege delen av Andesfjella, på vulkanske jordsmonn langs fjellsidene, og dessutan på dei tynne jordlaga i den sørlege delen av Storøya i Eldlandet. Treet kan vekse mellom havnivå og opptil 2000 moh., lengst sør berre opptil 700 moh.[2] Treslaget toler temperaturar ned mot −20 °C og frost gjennom heile året. Det har evna til å komme seg etter skogbrannar. Veksten kan hemmast av ein parasittplante frå slekta Misodendrum.

I Argentina finst det rikelege bestandar av lengasørbøk i fleire nasjonalparkar langs Andesfjella frå Lanín nasjonalpark i nord (40°09′37″S) til Storøya i Eldlandet i sør. (54°40′01″S)

I Chile veks lengasørbøk i Andesfjella frå Maule-regionen i nord til Magallanes-regionen i sør, og langs kystfjella frå Los Lagos-regionen til Magallanes-regionen. I dei områda der treet har naturleg utbreiing, blir det rekna som utanfor fare for utrydding.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads