Lensgreve
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Lensgreve er ein adelstittel for den høgaste adelsrangen i Danmark. Tittelen vart innført i Danmark-Noreg i 1671 ved ei forordning om oppretting av grevskap og baroni. Ein lensgreve var derfor ein greve som var forlent med eit grevskap frå den danske (dansk-norske) kongen. Greve er ein reint honorær tittel, og står under lensgreve i rang.

Adelsrettar blei avskaffa gjennom den danske grunnloven frå 1849, sjølv om titlane ikkje blei avskaffa. Lensafløsningsloven (1919) avskaffa krona sine len (majorat). Etter dette skulle adelstitlane vara i tre generasjonar og så falla bort.[1]
I Noreg var tittelen knytt til grevskapa Laurvigen og Jarlsberg.[2] Familien Wedel-Jarlsberg er knytt til denne tittelen.
Remove ads
Sjå òg
- Dansk adel
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads