Leo Ajkic

From Wikipedia, the free encyclopedia

Leo Ajkic
Remove ads

Leo Ajkic (fødd 21. november 1983) er ein norsk-bosnisk programleiar for radio og fjernsyn.[1] Han er kjend for dokumentarseriar som Flukt og Rus.[1]

Ajkic er fødd i Mostar i dåverande Jugoslavia, no i Bosnia-Hercegovina. Familien hans flykta under krigen i Bosnia, og etter opphald i Tyskland og Kroatia kom han til Noreg då han var 11. Deretter voks han opp i Bergen.[1]

Leo Ajkic blei fyrst programleiar for BTV, tv-kanalen til Bergens Tidende, i 2007. I 2010 blei han tilsett i NRK P3. Han byrja etterkvart også å laga tv-seriar. I 2017 skapte han dokumentarserien Flukt (2017), der han tok for seg flyktningkrisa. Han vann fleire prisar for arbeidet. I 2020-21 var han programleiar i dokumentarserien Rus, produsert av Pandora Film. I 2024 var han programleiar for dokumentarserien Leo og de farlige, der han møtte innsette som sona forvaringsdommar.[2]

Remove ads

Prisar og utmerkingar

  • 2017: Fritt Ords honnør
  • 2017: Gullruten 2017, beste mannlege programleiar for Flukt
  • 2017: Ole Vig-prisen[3]
  • 2019: Jonasprisen[4]
  • 2022: Gullruten 2022, beste programleiar – nyhet, sport eller aktualitet for Rus
  • 2024: Åpenhetsprisen, i lag med psykiateren Randi Rosenqvist.[5]

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads