Leon Cooper
amerikansk fysikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Leon Neil Cooper (fødd 28. februar 1930) er ein amerikansk fysikar og nobelprisvinnar. Cooper mottok Nobelprisen i fysikk i 1972 saman med John Bardeen og John Robert Schrieffer for deira felles utviklinga av teorien om superleiareigenskapen, mest kjend som BCS-teorien.
Cooper gjekk ut frå Bronx High School of Science i 1947 og mottok ein Bachelor of Arts i 1951, ein Master of Arts i 1953 og ein filosofisk doktorgrad i 1954 frå Columbia University. Han var eit år ved Institute for Advanced Study og underviste ved University of Illinois og Ohio State University før han kom til Brown University i 1958.
Han har utført forsking ved ulike institusjonar, inkludert Institute for Advanced Study og Den europeiske organisasjonen for kjernefysisk forsking (CERN) i Genève i Sveits.
Remove ads
Publikasjonar
- Cooper, L. N. & J. Rainwater. «Theory of Multiple Coulomb Scattering from Extended Nuclei», Nevis Cyclotron Laboratories ved Columbia University, Office of Naval Research (ONR), United States Department of Energy (gjennom forgjengaren Atomic Energy Commission, (august 1954).
- Cooper, L. N., Lee, H. J., Schwartz, B. B. & W. Silvert. «Theory of the Knight Shift and Flux Quantization in Superconductors», Brown University, United States Department of Energy (gjennom forgjengeren Atomic Energy Commission), (mai 1962).
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Leon Cooper» frå Wikipedia på bokmål, den 22. februar 2012.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads