Leon Russell
amerikansk gitarist, songar og pianist From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Leon Russell (fødd 2. april 1942 som Claude Russell Bridges, daud 13. november 2016) var ein USA-amerikansk musikar og låtskrivar som var involvert i mange bestseljande popplater gjennom den 60 år lange karrieren sin.
Russell samarbeidde med fleire suksessrike artistar, både i studio og som turnémusikar.[1] Han spelte inn 33 album[2] og minst 430 songar.[3] Han skreiv «Delta Lady», spelt inn av Joe Cocker, og organiserte og spelte på Mad Dogs and Englishmen-turneen til Cocker i 1970.[4] Songen hans «A Song for You» vart lagt til Grammy Hall of Fame i 2018,[5] og har blitt spelt inn av meir enn 200 artistar, og hans «This Masquerade» av meir enn 75.[6]
Som pianist spelte han i tidlege år på album av The Beach Boys og Jan and Dean. På det første albumet sitt Leon Russell i 1970, fekk han med seg musikarar som Eric Clapton, Ringo Starr og George Harrison. Ein av dei tidlege tilhengjarane hans,[7][8] Elton John, sa Russell var ein «mentor» og ein «inspirasjon». Dei spelte inn albumet The Union i 2010,[9] som dei vart nominert til ein grammypris for.[10]
Russell produserte og spelte på innspelingar fo mellom andre Bob Dylan, Frank Sinatra, Ike & Tina Turner og The Rolling Stones. Han skreiv og spelte inn hittane «Tight Rope» og «Lady Blue». Han spelte på The Concert for Bangladesh i 1971 i lag med Harrison, Dylan og Clapton.
Han fekk seks gullplate for innspelingane sine, og to grammyprisar ette sju nominasjonar. I 2011 vart han innlemma i både Rock and Roll Hall of Fame og Songwriters Hall of Fame.[11]
Remove ads
Diskografi
Studio- og konsertalbum
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads