Leonard Chess

amerikansk musikkprodusent From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Leonard Chess (12. mars 191716. oktober 1969) var ein USA-amerikansk platedirektør som var med på å starte opp Chess Records. Han var viktig i utviklinga av elektrisk blues, Chicago blues og rock and roll.

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...
Remove ads

Tidleg liv

Chess vart fødd Lejzor Shmuel Czyż i eit jødisk samfunn i Motal i Polen (i dag i Kviterussland).[1] Han og broren, Fiszel, systera Malka, og mora kom til New York i 1928 frå Polen, og dei drog raskt til Chicago og faren hans, Joseph.[2] Familienamnet vart endra til Chess, og Lejzor vart Leonard og Fiszel vart Philip.

Chess Records

Leonard og broren Phil vart involvert i det svarte nattklubbmiljøet på South Side of Chicago i 1938 og dreiv ei rekkje jazzklubbar der, mellom anna Macomba Lounge.[3] I 1947 vart Leonard tilknytt Aristocrat Records, og auka gradvis eigarskapen sin i selskapet, før han og Phil fekk heilt kontroll. Dei flytta seg bort frå svart pop og jazz, og andre sjangrar og inn i bluesmusikken med artistar som Muddy Waters.[4] I 1950 endra Chess-brørne namn på selskapet til Chess Records. «My Foolish Heart» (Gene Ammons), «Rollin' Stone» (Muddy Waters) og «That's All Right» (Jimmy Rogers) var blant dei første utgjevingane til det nye selskapet. Leonard Chess spelte basstromme på ei av innspelingane til Muddy Waters i 1951.

Chess kontakta Sam Phillips (i Sun Records) for å hjelpe med å finne nye artistar dei kunne spele inn i Sørstatane. Phillips sende innspelingar av Howlin' Wolf, Rufus Thomas og Doctor Ross til dei. Av desse vart særleg Howlin' Wolf populær, og Chess Records måtte kjempe om å få han til seg etter at Phillips hadde sendt innspelingane til Wolf til fleire andre selskap. Med tida signerte andre viktige artistar for Chess Recordss som Bo Diddley og Sonny Boy Williamson, med Willie Dixon og Robert Lockwood jr. tok viktige roller bak scenen. I 1950-åra voks suksessen til Chess Records med artistar som Little Walter, The Moonglows, The Flamingos og Chuck Berry, og i 1960-åra med Etta James, Fontella Bass, Koko Taylor, Little Milton, Laura Lee og Tommy Tucker, og etikettane Checker, Argo og Cadet. Utover i 1960-åra flytta Chess seg inn i andre sjangrar som gospel, tradisjonell jazz, spoken word, komedie og anna. Tidleg i 1960-åra vart Chess involvert i kringkkasting som delvis eigar av radiostasjonen WVON-AM og seinare WSDM-FM, begge i Chicago.

Remove ads

Død og ettermæle

16. oktober 1969, eit par månader etter han selde plateselskapet til General Recorded Tape, døydde Leonard Chess på grunn av ein hjartefeil.[5]

Musikkhistorikaren John Broven skreiv at «Leonard Chess var drivkrafta bak Chess Records, eit selskap som i lag med Atlantic og Sun, er dei viktigaste døma på den sjølvstendige plateindustrien. Leonard Chess sette nye standardar for industrien innan artistutvikling, avtalar, nettverk og marknadsføring.»[6]

Kjelder

Loading content...

Bakgrunnsstoff

Loading content...
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads