Leonhard Euler

From Wikipedia, the free encyclopedia

Leonhard Euler

Leonhard Euler (15. april 170718. september 1783) var ein sveitsisk matematikar og fysikar frå Basel. Han er rekna som ein av dei største matematikarane gjennom tidene, saman med til dømes Carl Friedrich Gauss. Leonhard Euler nytta omgrepet «funksjon» (fyrst definert av Leibniz i 1694) til å skildra eit uttrykk med parametrar, altså y = F(x).

Thumb
Leonhard Euler, pastell av Emanuel Handmann, 1753 (Kunstmuseum Basel)

Euler var eit barnegeni, fødd og utdanna i Basel. Han arbeidde det meste av livet sitt som professor i matematikk i St. Petersburg, med eit opphald i Berlin. Han ruva i matematikkfaget på 1700-talet, og kom fram til mange sluttingar basert på den nye matematiske analysen. Euler var ein av dei mest produktive matematikarane me har sett, med 75 bind i dei samla verka sine. Dei siste sytten åra av livet sitt, då han skreiv nesten halvparten av dei totale utgjevingane sine, var han totalt blind.

Leonhard Euler døydde i St. Petersburg i 1783. Asteroiden 2002 Euler er oppkalla etter han.

Eulers tal

Eulers tal, e, er definert som

Sjå òg

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Leonhard Euler
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.