Leonid Volosjin
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Leonid Anatoljevitsj Volosjin (fødd 30. mars 1966) er ein russisk tidlegare friidrettsutøvar frå Krasnodar, som fram til 1991 tevla for Sovjetunionen. Han deltok både i tresteghopp og lengdehopp. Volosjin vart europameister i tresteghopp i 1990 og tok VM-sølv i same øvinga både i 1991 og 1993. Hans personlege rekord i tresteghopp lyder på 17,75 meter.
Remove ads
Aktiv
Volosjin sitt gjennombrot kom då han under OL 1988 i Seoul vart nummer åtte i lengdehopp. Ved EM 1990 i Split deltok han i tresteg og vann gullmedaljen med eit hopp på 17,74 meter. I 1991 gjorde han sitt livs lengste tresteghopp, 17,75 meter, under verdsmeisterskapen i Tokyo. Han tok då sølvmedaljen i VM, gullet gjekk til Kenny Harrison frå USA som overgjekk Volosjin med tre centimeter.
Under sommar-OL 1992 i Barcelona kom Volosjin på fjerdeplassen i trestegtevlinga. Med 17,32 m mangla han fire centimeter på Frank Rutherford og bronsemedaljen. Året etter var det klart for VM 1993 i Stuttgar. Her tok Volosjin som to år tidlegare ein sølvmedalje, lengstehoppet mælte 17,65 m, noko som var 21 cm kortare enn vinnarhoppet til Mike Conley frå USA.
I sin siste internasjonale meisterskap, innandørs-EM 1994, vann Volosjin gullmedalje.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
- OL 1988 i Seoul: Nr 8 i lengdehopp – 7,89 m
- EM 1990 i Split: Gullmedalje i tresteghopp – 17,74 m, framom Hristo Markov (17,43 m)
- VM 1991 i Tokyo: Sølvmedalje i tresteghopp – 17,75 m, bakom Kenny Harrison (17,78 m)
- OL 1992 i Barcelona: Nr 4 i tresteghopp – 17,32 m
- VM 1993 i Stuttgart: Sølvmedalje i tresteghopp – 17,65 m, bakom Mike Conley (17,86 m)
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Leonid Anatoljewitsch Woloschin» frå Wikipedia på tysk, den 8. september 2014.
- «Leonid Voloshin» (på engelsk). Olympedia. Henta 8. mars 2023.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads