Leopard-Skin Pill-Box Hat

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Leopard-Skin Pill-Box Hat» er ein song av Bob Dylan frå albumet Blonde on Blonde frå 1966. Som mange Dylan-songar frå perioden 1965-1966 har han ein surrealistisk, leiken tekst med elektrisk blues-akkompagnement.

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

Teksten gjer narr av eit kvinneleg «moteoffer» som har på seg ein pillehatt i leopardskinn. Slike hattar var særs populære og moteriktige i USA tidleg og midt på 1960-talet.

Songen er melodisk og tekstmessig lik Lightnin' Hopkins sin «Automobile Blues» der opningslinja til Dylan «Well, I see you got your brand new leopard-skin pill-box hat» minnar om Hopkins sin «I saw you riding 'round in your brand new automobile».

Remove ads

Norske versjonar

Jan Erik Vold skreiv ein norsk tekst til songen kalla «Leopardskinns badehetta di blues» som vart framført av Jan Erik Vold, Kåre Virud og Telemark Blueslag på albumet «Stein. Regn» i 1981. Ein annan tekst, på nynorsk, vart skriven og framført av Tom Roger Aadland. Denne versjonen heitte «Leopardsskinnsbunadshetta di» og kom ut på albumet Blondt i blondt.

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads