Leopard 2
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Leopard 2 er ei tysk stridsvogn med 120 mm kanon, produsert av Krauss-Maffei Wegmann (KMW) i München og Maschinenbau Kiel (MAK) i Kiel i Tyskland. Ho er etterfølgjaren til Leopard 1.


I Noreg
- Leopard 2A4
Det norske kavaleriet opererte i 2005 52 Leopard 2A4 kjøpt inn brukt frå Nederland.[1] Dei norske vognene er utstyrte med maskingeværet FN MAG som sekundervæpning. Vogna vart produsert mellom 1985 og 1992, med forbetringar på eldleiiing og brannslokking. Eit betre pansra tårn med titan- og wolfram-legeringar kom òg på denne modellen, som vart teken i utstrekt bruk. Det er denne vogna som Noreg nyttar framleis. Prosjektoffiser for stridsvognsanskaffelsen ved Hærens våpenskole i Norge, Christoffer Westermoen, har sagt at Leopard-2A4 er underlegen den aktuelle russiske T-72B3 i rekkevidde, eldkraft, sensorar og vern.[2]
Remove ads
Andre modellar
- Leopard 2A5
- Med vektsparande holt panser for å verka mot hólladning, betre siktemiddel og større utval ammunisjon for kanonen. Har ein 120 mm L44 glattbora kanon produsert av Rheinmetall GmbH.
- Leopard 2A6
- Ny 120 mm L55 glattbora kanon produsert av Rheinmetall GmbH.
- Leopard 2A7 og 2A7+
- Er godkjende av Bundeswehr med betre panser, men framleis under testing.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Leopard 2» frå Wikipedia på bokmål, den 25. september 2018.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Armorsite
- Army-Guide.com
- Foss, Christopher; Jane's AFV Recognition Handbook, Jane's, ISBN 0-7106-1043-2
- Soldf.com – om Stridvagn 122
Referansar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads