Lepramuseet

From Wikipedia, the free encyclopedia

Lepramuseet
Remove ads

Lepramuseet, St. Jørgens Hospital i Bergen ligg i Marken i sentrum av byen, og blir i dag drive av Bymuseet i Bergen.

Thumb
Lepramuseet/St. Jørgens Hospital
Foto: Nina Aldin Thune
Thumb
Inne i Lepramuseet.
Foto: Nina Aldin Thune

Skildring

Lepramuseet St. Jørgens Hospital er eit bevart sykehusmiljø frå 1700-talet. Det er eit av få bevarte leprasjukehus i Nord-Europa. Sjukehuset har namn etter heilage Jørgen, som var vernehelgen for spedalske eller leprasjuke.

Legen Daniel Cornelius Danielssen byrja arbeida ved St. Jørgens i 1840 og blei overlege i 1849, då pasientane ble flytta til Lungegaardens Sykehus. Frå 1857 blei dei overført til det nybygde Pleiestiftelsen for spedalske nr.1 Den best kjende hendinga knytt til sjukehuset er Armauer Hansen si oppdaging av leprabasillen i 1873. Dette representerte eit gjennombrot for lepraforskinga, og det norske lepraarbeidet fekk stor internasjonal betydning også på andre felt.

Lepramuseet fortel om sjukdommen spedalskheit eller Hansens sjukdom. Det formidlar historia til sjukdommen i Noreg, om livet på hospitalet og dei norske bidraga til lepraforskinga. Arkiva til stiftinga er ein del av Lepraarkiva i Bergen, som står på UNESCO sitt program for verdsminne.

Remove ads

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Litteratur
  • Irgens, Lorentz M., Nedrebø, Yngve, Sandmo, Sigurd og Skivenes, Arne; Lepra, Lepraarkivene i Bergen, Førde, ISBN 82-91722-61-7
  • Knudsen, Svein Aage (red.) De fattige Christi lemmer, Historien til stiftelsen St. Jørgen; Bergen 1991 ISBN 82-7355-022-2
  • Sandmo, Sigurd; Lepramuseet, St. Jørgen hospital, Bergen 2003

60°23′29.900″N 5°19′56.766″E


Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads