Lesnoj i Sverdlovsk oblast
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Lesnoj (russisk Лесно́й) er ein lukka by i Sverdlovsk oblast i Russland med om lag 50 000 innbyggjarar. Han ligg 254 km nord for Jekaterinburg ved breidda av elva Tura.
Remove ads
Historie
Byen vart grunnlagt i 1947 då Fabrikk 418 vart bygt for å produsere høganrika uran (HEU) for produksjon av kjernefysiske våpen. Montering av atomvåpen gjekk òg føre seg her. I 1954 fekk byen status som lukka by, under namnet Sverdlovsk-45, for å verne produksjonen av atomvåpen[1]
Byen Sverdlovsk-45 var ein hemmeleg by fram til den russiske presidenten Boris Jeltsin i 1992 erklærte at slike byar kunne bruke dei historiske namna sine. Byen fanst ikkje på offisielle kart før då.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads