Let's Twist Again
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Let's Twist Again» er ein song skriven av Kal Mann og Dave Appell, og gjeven ut på singel av Chubby Checker. Det var ein av dei største hitsinglane i 1961. Han nådde åttandeplassen på poplista til Billboard i USA og tredjeplassen på lista til Cash Box i august det året. I Storbritannia nådde singelen andreplassen i februar 1962. Songen refererer til twist-dansen som herja på denne tida og til singelen «The Twist» som gjekk to gonger til topps på den amerikanske singellista i september 1960 og igjen i januar 1962.
Songen vann Grammy-prisen i 1962 foe beste rock and roll-song. Checker song òg i songen på tysk som «Der Twist beginnt» og på italiensk som «Balliamo il Twist». Songen er med på filmmusikkalbumet til filmen The Help.[1]
Den kroatiske songaren Tatjana Cameron Tajči spelte inn ein versjon på kroatisk kalla «Moj mali je opasan». I 1985 spelte Kids Incorporated inn «Let's Twist Again» i sesong to av Rock of Ages.[2]
Remove ads
Salsliste
Remove ads
Johnny Hallyday-versjonen
Songen vart spelt inn på fransk av Johnny Hallyday. Versjonen hans (kalla «Viens danser le twist») kom ut i 1961 og låg sju veker på toppen av den franske singellista, frå 13. november til 13. desember 1961 og frå 13. januar til 9. februar 1962.[17] I Vallonia (Fransk Belgia) låg singelen 40 veker inne på lista og nådde òg toppen av singellista.[18]
Salsliste
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads