Let's Stick Together

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Let's Stick Together» eller «Let's Work Together», er ein bluessong skriven av Wilbert Harrison og gjeven ut i 1962. I 19691970 vart han ein hit for Harrison og har sidan vorte spelt inn av andre artistar, som Canned Heat og Bryan Ferry, som begge tok songen til listene.

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Originalen

Wilbert Harrison spelte inn «Let's Stick Together» i 1962 som eim 12-takts shuffle-blues i middels tempo. Songen nådde ikkje listene den gongen, men då Harrison spelte inn songen på ny i 1969 for Sue Records, nådde han 32. plass på Billboard Hot 100 i 1970, som var første gongen Harrison var på lista sidan «Kansas City» i 1959. I motsetnad til den tidlegare versjonen, var den andre ein soloframføring med Harrison (tilskriven som «Wilbert Harrison One Man Band») på vokal, munnspel, gitar og perkusjon.

Dei to songane til Harrison nyttar same melodi og struktur, men teksten er forskjellig.

Remove ads

Canned Heat-versjonen

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

Kort tid etter at Wilbert Harrison gav ut «Let's Work Together», spelte bluesrockbandet Canned Heat inn sin versjon av songen. I motsetnad til dei tidlegare singlane deira med vokal og munnspel av Alan Wilson, var det Bob Hite som song på denne songen, medan Wilson spelte slide-gitar. Songen vart klargjort for singelutgjeving i desember 1969, men då det viste seg at Harrison sin versjon vart populær, venta dei med å gje ut singelen til Harrison sin versjon hadde falle ut av lista.[1]

Canned Heat sin «Let's Work Together» kom ut i august 1970 og nådde 26. plass på Billboard Hot 100-lista. Han vart òg gjeven ut på albumet Future Blues i 1970. Harrison-singelen nådde ikkje lista i Storbritannia, medan Canned Heat-versjonen vart den største hitten deira i landet då han nådde 2. plass.[2]

Remove ads

Bryan Ferry-versjonen

I 1976 gav Bryan Ferry ut «Let's Stick Together» på singel. Ingen andre av singlane hans nådde like høgt på lista i Storbritannia, ein 4. plass.[3] Songen vart gjeven ut på albumet Let's Stick Together same året. Ein remiksa versjon frå 1988 vart gjeven ut som singel, som «Let's Stick Together '88», og nådde 12. plass i Storbritannia.[4]

Andre versjonar

  • 1988 - Bob Dylan spelte inn ein versjon på albumet Down in the Groove.
  • 1990 - Dwight Yoakam fr¨å If There Was a Way.
  • 1991 - Kentucky Headhunters frå Harley Davidson and the Marlboro Man
  • 1991 - Status Quo frå Rock 'til You Drop.
  • 1995 - George Thorogood i ein konsertversjon med Elvin Bishop på slidegitar for Live: Let's Work Together.
  • 2007 - K.T. TunstallRadio 1 Established 1967.
  • 2008 - Ry Cooder med Buckwheat Zydeco, Jim Keltner, Jim Dickinson og Mike Elizondo på albumet The UFO Has Landed.
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads