Let It Rock av Chuck Berry

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Let It Rock» er ein song frå 1960 av Chuck Berry frå albumet Rockin' at the Hops. Same året vart songen gjeven ut på singel og nådde då 64. plassen i USA på Billboard Hot 100-lista. Han vart gjeven ut på singel i Storbritannia i 1963 der han nådde sjetteplassen.

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

Songen vart opphavleg tilskriven Edward Anderson. Det fulle namnet til Chuck Berry er Charles Edward Anderson Berry.

Songen handlar om å arbeide på ei jernbanelinje medan eit tog nærmar seg arbeidarane. Gitarriffet i opninga, akkordstrukturen og melodien i versa minnar om ein annan Berry-song, «Johnny B. Goode», som òg nemner tog.

Remove ads

Andre versjonar

Songen er blitt spelt av mange andre artistar, som The Connection, The Grateful Dead, Rockpile, The Rolling Stones, Motörhead, Jerry Garcia, Hasil Adkins, Skyhooks, The Yardbirds, Widespread Panic, The MC5, Bob Seger, The Stray Cats, George Thorogood, The Head Cat, Shadows of Knight, John Oates, The Georgia Satellites, Jeff Lynne og The Refreshments.

The Rolling Stones spelte inn songen på ein konsert i Leeds i 1971 og dette vart gjeven ut som B-sida til «Brown Sugar» i Storbritannia i 1971. Songen vart òg gjeven ut på den spanske utgåva av Sticky Fingers. I 1972 vart «Let it Rock» gjeven ut på singel i Tyskland, med B-sida «Blow with Ry» frå albumet Jamming with Edward! frå 1972. «Let it Rock» opnar konsertvideoen The Rolling Stones: Some Girls Live In Texas '78, som kom ut i 2011.

Remove ads

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads