Sticky Fingers

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Sticky Fingers er eit album av The Rolling Stones frå april 1971. Det var det første albumet gjeven ut på gruppa sitt nye plateselskap Rolling Stones Records etter å ha vore knytt til Decca Records i Storbritannia og London Records i USA sidan 1963. Det er òg det første Rolling Stones-albumet der Mick Taylor er med for fullt. I 2003 plasserte musikkmagasinet Rolling Stone Sticky Fingers på 63. plass på lista over dei 500 største albuma gjennom tidene.[11]

Meir informasjon The Rolling Stones-kronologi, Singlar frå ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...
Remove ads

Innspeling og utgjeving

Sjølv om innspelinga av Sticky Fingers først starta for fullt i mars 1970, hadde dei gjort nokre tidlege opptak i Muscle Shoals Studios i Alabama i desember 1969 og «Sister Morphine» vart spelt inn under Let It Bleed-innspelinga tidlegare i mars same år. Det meste av Sticky Fingers vart spelt inn med det mobile studioet til The Rolling Stones i Stargroves om sommaren og hausten 1970. Tidlege utgåver av songar som kom på Exile on Main St. vart òg laga under desse innspelingane.[12]

Fri frå Decca/London kunne The Rolling Stones no endeleg ta full kontroll over albuma sine, både plateomslag og alt. Manageren deira Allen Klein (som tok over for Andrew Loog Oldham i 1965, slik at Oldham kunne konsentrere seg om rolla som produsent for bandet) påførte gruppa eit stort sjokk då dei oppdaga at dei uoppmerksamt hadde gjeve han rettane til alle innspelinga deira frå 1960-åra til Klein og selskapet hans ABKCO. Derfor har alle songane deira frå «Come On» til Get Yer Ya-Ya’s Out! The Rolling Stones in Concert vorte gjevne ut på ABKCO Records. Klein fekk sparken som manager og bandet var rasande på Klein i tiåra etterpå.

Då Decca informerte The Rolling Stones at dei var kontraktbelagt til å gje ut ein singel til, sende dei inn ein song dei kalla «Cocksucker Blues»[13] – som dei var garantert å få avvist. I staden gav Decca ut den to år gamle «Street Fighting Man» frå Beggars Banquet, medan Allen Klein fekk delt eigarskap, i lag med The Rolling Stones, i «Brown Sugar» og «Wild Horses».

Remove ads

Omslag

Omslaget til Sticky Fingers, som kom med ein verkeleg glidelås som kunne opnast og syne ein mann i truser. Det var utforma av den amerikanske popkunstnaren Andy Warhol, fotografert av Billy Name og designa av John Pasche. Omslaget, eit bilete av skrittet til Joe Dallesandro kledd i tronge, blå jeans, vart av mange tilhengjarar trudd å vere eit bilete av Mick Jagger. Dette var òg første gong teikninga med tunge og leppe, eit kjent symbol på The Rolling Stones, vart nytta på eit album.

I 2003 kåra fjernsynskanalen VH1 omslaget på Sticky Fingers til det beste plateomslaget gjennom tidene.

Remove ads

Innhald

Alle spor skrivne av Mick Jagger og Keith Richards, bortsett frå der andre er nemnde

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

Medverkande

The Rolling Stones

Andre medverkande

Teknisk

Remove ads

Salslister

Meir informasjon Liste (1971), Plassering ...
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads