Leverettbreen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Leverettbreen i Antarktis er ein kring 80 km lang og 4 til 6 km brei isbre, som flyt nordover frå Watson Escarpment, mellom California og Stanford Plateau, og så vest-nordvest mellom Tapley Mountains og Harold Byrd Mountains og munnar ut i den inste delen av Rossbarrieren like aust for Scottbreen. Han vart oppdaga i desember 1929 av Byrd og geologgruppa under Laurence Gould, og vart namngjeven av han etter Frank Leverett, ein eminent geolog ved University of Michigan og ein autoritet på glasiologi i det sentrale USA.
Leverettbreen ligg langs den planlagde ruta gjennom Dei transantarktiske fjella for forsyningsvegen over land mellom McMurdo-basen og Amundsen-Scott-stasjonen.
Remove ads
Sjå òg
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Leverettbreen» (innhald frå Geographic Names Information System).
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads