Scottbreen i Dei transantarktiske fjella

From Wikipedia, the free encyclopedia

Scottbreen i Dei transantarktiske fjella
Remove ads

Scottbreen er ein stor isbre, som er 190 km lang og som drenerer Den austantarktiske innlandsisen gjennom Dronning Maudfjella til Rossisen. Scottbreen er ein av fleire store brear som flyt gjennom Dei transantarktiske fjella, med Amundsenbreen i vest og Leverett- og Reedybreane i aust.

Kjappe fakta Land, Stad ...
Remove ads

Geografi

Scottbreen startar på Polarplatået i nærleiken av D'Angelo Bluff og Mount Howe og flyt ned mellom Nilsen Plateau og fjellet ved Watson Escarpment og ut i Rossisen like vest for Tapley Mountains.

Tapley Mountains, Watson Escarpment, Mount Blackburn og La Gorce Mountains grensar mot Scottbreen i aust, medan Karo Hills, Hays Mountains, Faulkner Escarpment og Rawson Mountains ligg langs vestkanten.

Remove ads

Historie

Scottbreen vart oppdaga i desember 1929 av eit geologisk lag under Byrd-ekspedisjonen leia av Laurence Gould. The Scottbreen vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter den britiske polfararen Robert Falcon Scott, som aldri såg Scottbreen, men i staden klatra opp Beardmorebreen i vestleg rute til Sørpolen i 1911-12.

Sjå òg

Kjelder

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Scott Glacier» (innhald frå Geographic Names Information System).


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads