Levi Henriksen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Levi Henriksen
Remove ads

Levi Henriksen (fødd 15. mai 1964 i Kongsvinger)[1] er ein norsk forfattar, musikar og tidlegare journalist. Han har gitt ut novellesamlingar og roman på forlaget Gyldendal Norsk Forlag, samt essaysamling, antologi og andre bøker på sitt eige forlag, Magerdal forlag.

Kjappe fakta

Henriksen er kjent for å legga handlinga i verka sine til den oppdikta bygda Skogli, der han skildrar livet til bygdefolket på godt og vondt. Bygda er basert på den verkelege bygda Granli, som ligg nokre kilometer utanfor Kongsvinger i Hedmark fylke.

På sitt eige forlag har han mellom anna gjeve ut antologien Mannen som ikke var fra Kongsvinger, ei hyllest til Kongsvinger då heimbyen hadde 150-årsjubileum i 2004. Tittelen er henta frå ei novelle av Aksel Sandemose frå 1954, som opnar antologien. Forfattarar som Vidar Kvalshaug, Håkon Ohlgren, Heidi Linde, Bengt Berg og Alf Kvasbø medverkar òg.

Remove ads

Bibliografi

  • Lille Norge i store Alaska med Jens Haugen (foto) reiseskildring (1999)
  • Fra Magerdalen til Elvis Presley Boulevard essaysamling (2000)
  • Feber novellesamling (2002)
  • Ned Ned Ned novellesamling (2003)
  • Snø vil falle over snø som har falt roman (2004)
  • Bare mjuke pakker under treet novellesamling (2005)
  • Babylon Badlands roman (2006)
  • Den aller siste Mohikaner roman (2006)
  • Trekkspilltvillingene roman, (2007)
  • Alt det som lå meg på hjertet novellesamling (2009)
  • Kjære deg min kjære lyrikk (2010)
  • Lukten av propan om morgenen roman (2010)
  • Dagen skal komme med blå vind roman (2011)
  • Engelen ved djevelgapet ungdomsbok (2012)
  • Postkort fra alle tings utkant essaysamling (2012)
Remove ads

Plater

  • Greetings From Stuckville Heart of Mary - bassist og låtskrivar (1989)
  • Herfra til Rockaway Beach Levi Henriksen og Thomas Mårud - bassist og låtskrivar (2005)

Prisar og utmerkingar

  • Bokhandlerprisen 2004, for Snø skal falle over snø som har falt
  • Kongsvinger kommunes kulturpris 2004
  • Ordknappen 2006 for Den aller siste mohikaner

Referansar

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads