Lhasa

From Wikipedia, the free encyclopedia

Lhasa
Remove ads

Lhasa nokre gonger kalla Llasa, er den tradisjonelle hovudstaden i Tibet. Byen er no hovudstad i Tibet-regionen i Folkerepublikken Kina. Byen er i tillegg tradisjonelt hovudsetet til Dalai Lama.

Kjappe fakta Land, Region ...

Lhasa tyder «staden til gudane». Byen ligg kring 3650 meter over havnivå og er med det ein av dei høgstliggjande byane i verda.

Thumb
Lhasa i Lhasadalen i Tibet.
Thumb
Potalapalasset i Lhasa.
Kjappe fakta Kinesisk namn, Forenkla kinesisk ...
Remove ads

Historie

Den andre keisaren av Tibet, Songtsen Gampo, skal ha gjort Lhasa til hovudstad. Andre kjelder syner at landet vart styrt frå fleire byar, som skifta mellom å vera hovudstad.

I den første delen av 1900-talet kom fleire vestlege oppdagarar til byen. Mellom desse var Francis Younghusband, Alexandra David-Néel og Heinrich Harrer. I utgangspunktet var Lhasa ein heilag og lukka by, stengd for framande. I 1950-åra gjorde kinesrane seg stadig sterkare gjeldande, og ved hjelp av militære styrkar fekk dei styringa over Tibet. Frå 1959 har tibetanarar i eksil, leia av den fjortande Dalai Lama oppretthalde ei eksilregjering.

Remove ads

Turisme

Potalapalasset er definert av UNESCO til å stå på verdsarvlista for kulturminne. Andre viktige bygg er Jokhang, Norbulingka, Drepung-klosteret og Sera-klosteret.

Ein 1080 km lang jarnveg, Qinghai-Tibet jarnvegen til Lhasa er under bygging.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads