Li Xiaopeng
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Li Xiaopeng (fødd 27. juli 1981) er ein kinesisk tidlegare turnar frå Changsha. Han vann 1997-2003 til saman åtte gullmedaljar i verdsmeisterskap og 2000-08 fire olympiske gullmedaljar.
16 år gammal var Li med i Kinas mannskap som sigra i lagtevlinga ved Turn-VM 1997 i Lausanne, individuelt sikra han seg sølv i skranke og bronse i frittståande. I Turn-VM 1999 i Tianjin vann han gull i hopp-øvinga, og han var med å forsvare Kinas gullmedalje i lagkampen. Under dei olympiske leikane 2000 i Sydney vann han gull i skranke og i lagtevlinga. I så vel verdsmeisterskapen 2002 i Debrecen som i Turn-VM 2003 i Anaheim vann Li både hopp og skranke, i Anaheim fekk han i tillegg gull med Kina i lagtevlinga.
Under Sommar-OL 2004 i Athen var Li hemma av ein skade, lukkast trass i det knipe bronsemedaljen i spesialøvinga skranke. Året etter vann han sølv i skranke då Turn-VM 2005 vart avvikla i Melbourne. Under dei olympiske sommarleikane i Beijing forsvarte Li fyrsteplassen i skranke frå forrige OL, og Kinas mannskap topplassen i lagtevlinga. Etter leikane la han opp.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Li Xiaopeng (gymnast)» frå Wikipedia på engelsk, den 29. oktober 2023.
- «Li Xiaopeng» (på engelsk). Olympedia.org. Henta 20. april 2024.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads