Anaheim

From Wikipedia, the free encyclopedia

Anaheim
Remove ads

Anaheim er ein by i delstaten California i USA. Byen ligg 25 km aust for Long Beach, og er ein del av storbyområdet Los Angeles–Long Beach-Santa Ana med om lag 12,8 mill. innbyggjarar i 2010.

Kjappe fakta Land, Fylke ...

Anaheim vart grunnlagd i 1857 av tyske vinbønder frå Bayern, og fekk bystatus i 1870. Namnet er sett saman av «Ana» frå Santa Ana River og tyske «heim», som tyder 'heim'.[1] I 1924 var byen forsøkt kuppa politisk av Ku-Klux-Klan, men i eit omval stemte 95 % KKK-medlemmane ut av byrådet.

Thumb
Disneyland ligg i Anaheim.

Disneyland - som er den største arbeidsplassen i byen med om lag 23 000 tilsette - vart grunnlagd i 1955, og dette saman med industriell satsing innan elektronikk, landbruksmaskiner og flydelar endra Anaheim frå eit ruralt område med kring 15 000 innbyggjarar i 1950 til eit urbant senter med meir enn 105 000 innbyggjarar i 1960. Her ligg også Anaheim Stadium, Anaheim Convention Center og Honda Center som er heimebanen til Anaheim Ducks - eit ishockeylag i NHL som vann Stanley Cup i 2007. Espen «Shampo» Knutsen spelte for The Mighty Ducks i 1998.

Anaheim er også kjend som heimbyen til golfspelaren Tiger Woods og Rudolph Boysen som utvikla boysenbær, ei krysning av bringebær, bjørnebær og loganbær.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads