Liar av Queen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Liar» er ein song av det britiske rockebandet Queen, skriven av songaren Freddie Mercury i 1970, og opphavleg kalla «Lover». Songen vart gjeven ut på debutalbumet til bandet i 1973, Queen. Ein forkorta versjon av «Liar» vart gjeven ut som singel med «Doing All Right» som B-side i USA av Elektra Records i februar 1974.

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

Dei første åra var «Liar» fast på konsertane til Queen, og ofte spelt som siste song under hovudbolken, ofte med ei lengd på over 10 minuttar. Etter kvart fall songen ut av setlista, utanom på The Works-turneen (men då var songen korta ned til under tre minuttar). Under Magic-turneen spelte Brian May delar av gitarriffet i «Liar» like før «Tear it Up».

Under konsertane stod ofte John Deacon bak Mercury og mima korvokal under «all day long»-delen av songen. Denne kan ein òg sjå i promo-videoen som vart filma i 1973. Songen inneheld òg ein bassolo spelt av Deacon, den mest tydelege soloen han nokon gong spelte på konsertar. Ein transkripsjon av EMI Music Publishing av songen syner at dette er ein av tre Queen-songar (i lag med «Now I'm Here» og «Under Pressure»), der det vert nytta hammondorgel.

Remove ads

Medverkande

Innhald

7"-singel (Royal Sound TKR 157)
  1. «Liar» (single edit) (Freddie Mercury) – 3:01
  2. «Doing All Right» (Brian May, Tim Staffell) – 4:09
7" single (Elektra E-45884)[1]
  1. «Liar» (Freddie Mercury)
  2. «Liar»

Andre versjonar

Det komiske heavy metal-bandet Bad News nytta opningsriffet og andre songar i sin eigen «Hey, Hey, Bad News». Brian May produserte albumet deira, kalla Bad News, og spelte på versjonen deira av «Bohemian Rhapsody» frå same album.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads