Lidskjalv
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Lidskjalv (norrønt Hliðskjálf) er høgsetet til Odin i norrøn mytologi. Det står i borga hans Valaskjalv i Åsgard. Frå setet ser Odin ut over heile verda, og veit kva kvart menneske gjer. Lidskjalv er omtalt i Den yngre Edda (Gylvaginning), og er også nemnd i dei eldre eddadikta Grimnesmål, der Odin og Frigg sit i høgsetet, og Skirnesmål, der Frøy lurer seg til å sitja der og ser jotunkvinna Gjerd.
- «Hliðskjálf» omdirigerer hit. For musikkalbumet av Burzum, sjå albumet Hliðskjálf.

Foto: Mogens Engelund
Snorre Sturlason skriv i Edda: «Þar er einn staðr, er Hliðskjálf heitir, ok þá er Óðinn settist þar í hásæti, þá sá hann of alla heima ok hvers manns athæfi ok vissi alla hluti þá er hann sá.» Omsett: «Det er ein stad som heiter Lidskjalv; og når Odin sette seg i høgsetet der, då såg han ut over alle heimsbolkar, såg kva kvar mann tok seg føre, og mintes sidan alt han såg.»[1]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads