Liepāja

From Wikipedia, the free encyclopedia

Liepājamap
Remove ads

Liepāja (litauisk Liepoja, polsk Lipawa, tysk Libau, russisk Лиепая (Lijepaja), Либава (Libava), Любава (Lybava)) er ein by vest i Latvia ved Austersjøen og det administrative senteret i Liepāja fylke. Det er den største byen i regionen Kurzeme og den tredje største i landet etter Riga og Daugavpils med om lag 85 000 innbyggjarar. Han er ei viktig isfri hamn.

Kjappe fakta Land, Først nemnd i Byrettar ...

Liepāja er kjend i Latvia som «byen der vinden er fødd», truleg på grunn av den konstante trekken inn frå havet. Omdøme som den mest vindfulle byen i Latvia har har vorte forsterka av det største vindkraftverket i Latvia (33 Enercon vindturbinar) vart bygd i nærleiken.

Liepāja fekk byvåpenet sitt fire dagar etter han fekk bystatus 22. mars 1625.[2] Byvåpenet viser løva av Kurzeme med ein delt hale som lener seg mot eit lindetre med frambeina.

Byen er ein hamneby, og har status som frihamn, med skatteletter for å oppmuntre næringslivet.

Sovjetiske styrkar hadde ein flåtebase her under Sovjetunionen.

Remove ads

Fotnotar

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads