Kurland

From Wikipedia, the free encyclopedia

Kurland
Remove ads

Kurland[a] er eit av dei fire historiske landskapa i Latvia. Det ligg sørvest for Rigabukta, og er kalla opp etter det baltiske folket kurane. Det strekte seg i mellomalderen heilt ned til dagens nordvestre del av Kaliningrad (Königsberg) og omfatta heile det noverande litauiske kystområdet.

Kjappe fakta Land ...
Thumb
Hertugdømet Kurland, 1740.
Thumb
Inngangen til hertugane av Kurland sitt palass.

Kurland høyrte under den Den tyske riddarordenen i staten Livland (om lag 1200–1560). Kurland var eit hertugdøme som var ein del av Den polsk-litauiske realunionen frå 1560 til 1795 og hadde på 1600-talet koloniarTobago og i Gambia. For å tene skipa i kolonitrafikken gjekk hertug Jekabs (1610–1682) inn i ein leigeavtale om bruk av Flekkerøy utanfor Kristiansand. I 1664 sikra hertugen gjennom ein avtale med Fredrik III av Danmark-Noreg rettane for for Kurland til å utvinne sølv, bly, kopar og jern med særs gunstige vilkår. Kurland etablerte gruver på Eidsvoll og Kongsberg, og i periodar var opptil 300 kurlendarar i arbeid i Noreg.

Etter delinga av Polen og Litauen i 1795 gjekk området over til Det russiske keisardømet (1795–1918).

I tillegg til latviarar og tyskarar budde det òg svenskar her, i nyare tid òg russarar. Den nordlegaste delen er tynt folkesett og er for det meste busett av livarar.

Grunneigarane og byborgarskapet, og dermed dei danna klassane, var i all hovudsak tyskspråklege, den tyske folkegruppa vart evakuert av styresmaktene til Posenområdet under den andre verdskrigen, og derfrå drive vidare bort av Stalin og polakkane.

Remove ads

Byar i Kurland

  • Liepaja (Libau)
  • Ventspils (Windau)
  • Grobina (Grobin)
  • Aižpute (Hasenpoth)
  • Kuldiga (Goldingen)
  • Saldus (Frauenburg)
  • Piltene (Pilten)
  • Tukums (Tuckum)
  • Talsi (Talsen)

Hertugar av Kurland

  • 1562–1587: Gotthard Kettler
  • 1587–1642: Friedrich Kettler
  • 1587–1616: saman med Wilhelm Kettler (delt 1596–1616)
  • 1642–1681: Jakob Kettler
  • 1681–1698: Friedrich Kasimir Kettler
  • 1698–1711: Friedrich Wilhelm Kettler
  • 1711–1737: forskjellige rivaliserande regentar, m.a. den seinare russiske tsarina Anna
  • 1737–1758 og 1758–1763: Ernst Johann von Biron
  • 1763–1795: Peter von Biron

Merknader

  1. latvisk Kurzeme; litauisk Kuršas; estisk Kuramaa; polsk Kurlandia; russisk Курляндия, Kurljandija

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads