Like It av Zena

From Wikipedia, the free encyclopedia

Like It av Zena
Remove ads

«Like It» (norsk 'lik det') er ein song frå 2019 som vert framført av den kviterussiske songaren Zinaida Kupryjanovitsj, best kjend under artistnamnet ZENA. Songen var det kviterussiske bidraget til Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv i Israel.[1]

Meir informasjon Låtskrivar(ar) ...
Thumb
ZENA framfører «Like It» under ei av prøvene i Tel Aviv i 2019.
Remove ads

Om songen

«Like It» vart komponert av Julija Kirejeva og Viktor Drobysj, medan Kireeva skreiv teksta.[1] Drobysj er ein russisk musikkprodusent og låtskrivar, og stod blant anna bak det russiske Eurovision-bidraget i 2012, «Party for Everybody» med Buranovskije Babusjki.[2] Songen enda på andreplass bak svenske Loreen og «Euphoria».

«Like It» vert framført av barnestjerna og skodespelaren Zinaida Kupryjanovitsj, som går under artistnamnet ZENA.[3] Songen var eit av bidraga i den kviterussiske songtevlinga Natsionalnyj Otbor arrangert av Kviterusslands nasjonale fjernsyn- og radioselskap 7. mars 2019. Eit panel av dommarar kåra songen til vinnar, og «Like It» vart dimed det kviterussiske bidraget til Eurovision Song Contest 2019.[4]

Eurovision Song Contest

I januar 2019 vart Kviterussland trekt ut til å delta i den fyrste semifinalen av Eurovision Song Contest. Semifinalen vart arrangert i Expo Tel Aviv i Israel tysdag 14. mai, og Kviterussland hadde startnummer 8.[5] «Like It» kom på tiandeplass i sin semifinale og kvalifiserte seg dimed til finalen laurdag 18. mai.[6] I finalen vart songen nummer 24 av 26 bidrag.[7]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads