Lilija Nurutdinova

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Lilija Foatovna Nurutdinova (fødd 15. desember 1963) er ein russisk tidlegare friidrettsutøvar frå Naberezjnyje Tsjelny som tevla for Sovjetunionen. Ho vart verdsmeister på 800 meter i 1991, og tok OL-sølv 1992 og EM-bronse 1990 på same distansen. I 1993 vart ho dømd for dopingbruk og la opp.

Kjappe fakta
Remove ads

Aktiv

Med tida 1.57,25, oppnådd i Kiev 7. juli 1990, stega Nurutdinova inn i verdseliten på 800 meter. Ho kneip bronsemedaljen på distansen då europameisterskapen 1990 vart arrangert i Split i dåverande Jugoslavia, men var sjanselaus i å fylgje dei to utøvarane frå Aust-Tyskland, Sigrun Wodars og Christine Wachtel.

Året etter lukkast Nurutdinova snappe gullmedaljen på spesialdistansen under VM 1991 i Tokyo, eit løp der det skilte 0,13 sekund mellom Nurutdinova på fyrsteplass og Maria Mutola på fjerdeplass, Ana Fidelia Quirot vann sølvet og Ella Kovacs tok bronsen.

Under Sommar-OL i Barcelona sprang Nurutdinova sitt livs snøggaste 800 meter og fekk tida 1.55,99, noko som gav henne sølvmedaljen etter som også nederlandske Ellen van Langen sette personleg rekord og vann på 1.55,54.

Doping

Under verdmeisteskapen 1993 i Stuttgart testa Nurutdinova positivt på det anabole steroidet stanozolol. Ho vart utestengd frå friidretten i fire år og la opp.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads