Lilit

From Wikipedia, the free encyclopedia

Lilit
Remove ads

Lilit (hebraisk לילית, Līlīt; arabisk ليليث‎, Līlīṯ) er ein kvinneskikkelse opphavleg frå babylonsk mytologi som i fleire variantar har spreidd seg mellom anna til jødisk og kristen folketru og seinare populærkultur. Figuren blir anteken å ha hatt opphavet sitt som ein kvinneleg mesopotamisk demon knytt til storm og vind, sjukdom og død. Figuren Lilit opptrer i ein av dei aller eldste kjeldene som finst, der ho blir rekna blant ei gruppe andar, mytiske skikkelsar knytt til naturkrefter, som Lilitu i Sumer ca. 4000 f.Kr. Det fonetiske namnet Lilit er tradisjonelt anteke å ha hatt opphavet sitt i Israel i oldtida og før tida 700 f.Kr.[1]

Kjappe fakta Fødd, Ektefelle ...

I jødisk folkeminne er Lilit namnet på den fyrste maken til Adam som blei skapt på same tid og frå den same jorda som Adam, og som derfor kan tolkast som likestilt med han. Ho forlét Adam etter at ho nekta å underkasta seg han, og ho ville deretter ikkje komma tilbake til Paradiset før ho hadde ekta erkeengelen Samael.[2] Forteljinga hennar blei i stor grad utvikla i løpet av mellomalderen innanfor tradisjonen aggadiske midrash, Zohar og jødisk mystisisme.[3] Den resulterande legenda om Lilit blir framleis nytta som kjeldemateriale i moderne kultur, litteratur, okkultisme, fantasilitteratur og skrekklitteratur.

Remove ads

Ordsoge

Hebraisk לילית, akkadisk Līlītu kan vera adjektiv av ho- eller hankjønn frå det ursemittiske rotordet L-Y-L i tydinga «natt», bokstaveleg omsett til «kvinneleg nattvesen/demon». Det finst inskripsjonar i kileskrift der Līlīt og Līlītu viser til sjukdomsberande vindånder.[4][5]

Ei anna moglegheit er ein assosiasjon ikkje med «natt», men med «vind», såleis identifiserer ein den akkadiske Lil-itu som eit lån frå sumeriske lil, «luft»[6] – særleg frå NIN.LIL, «luft-frue», gudinne av sørvinden (og make til Enlil) – og itud, «månen».

Remove ads

Mesopotamisk mytologi

Thumb
Sumerisk terrakottarelieff av Lilit, 1950 f.Kr.[7]

Det akkadiske riket, der semittisk språk tidlegast er attestert, og Sumer, den tidlegaste sivilisasjonen som busette Mesopotamia, utvikla ein svært intim kulturell symbiose med utstrekt tospråkligheit.[8] Den tospråklege påverknaden av sumerisk og akkadisk er tydeleg i alle område, inkludert synkretisme mellom gudane deira som begge adopterte kvarandre sine guddommar.[9] På sumerisk blei Lilit referert til som Ki-sikil-lil-la-ke, og på akkadisk var det Ardat-lili.[10] Dei assyriske og babyloniske kulturane nedstamma frå desse tidlege kulturane.

Gilgamesj-eposet

Den eldste omtalen av lilitû er assosiert med ein slange og ein anzufugl[11] på 2600-talet f.Kr. i eposet om Gilgamesj. I forteljinga veks eit huluppatre i Inanna sin hage i Uruk, og frå desse trea planla ho å byggja ei ny trone. Etter at dei hadde vakse i ti år hausta ho dei og oppdaga ein slange som levde ved rota, ein zufugl som hadde reir i krona, og at Ki-sikil-lil-la-ke hadde bygd eit hus av stammen. Gilgamesj skal ifølgje soga ha slått slangen, og deretter flaug anzufuglene til fjella med fugleungane sine medan Ki-sikil-lil-la-ke fryktsomt øydela huset sitt og flykta inn i skogen.[12][13][14]

Remove ads

Lilit i Bibelen

Det finst ein vedvarande teologisk diskurs knytt til om Lilit opptrer i Bibelen eller ikkje. Det er berre ein mogleg opptreden i Jesaja 34 34:13-15 («Lilit slår seg òg til ro der/og finn seg ein kvilestad.») som beskriv einsemd til Edom og kvar det hebraiske ordet liyliyth opptrer i ei liste over åtte ureine dyr, ein del av desse kan ha demoniske assosiasjonar. Ettersom ordet liyliyth er ein hapax legomenon (einskildtilfelle) i Den hebraiske Bibelen, og dei andre sju omgrepa i lista er betre dokumenterte, er lesnaden til forskarane og omsetjarane ofte leidde av ei avgjerd om den fullstendige lista av dei åtte vesena som heilskap:

I slotta veks det tornekratt,
nesler og tistlar i borgene.
Landet blir buplass for sjakalar,
tilhaldsstad for strutsar.
14 Hyenar og ørkendyr møtest,
bukkar kallar på kvarandre.
Lilit slår seg òg til ro der
og finn seg ein kvilestad.
15 Små ugler byggjer reir
og legg sine egg der,
rugar og klekkjer dei ut i skuggen.
Falkane samlast der med kvarandre.

I andre omsetjingar er Liylith (Lilit) tolka som «nattfugl». Samanhengen indikerer at det er ein fugl.[15]

Ville hunder og andre ørkendyr skal møtes der, og raggete troll skal rope til hverandre; ja, der slår Lilit* sig til ro og finner sig et hvilested. / [* en ond ånd. Evangeliet etter Matteus 12:43. Johannes' openberring 18:2.][16]

I jødiske mytar

Thumb
Prerafaelitten Dante Gabriel Rossetti (1828–1882) framstiller i Lady Lilith frå 1867 som ei kraftfull og vond fristarinne i form av ei amasone med langt, bølgjande hår og ein bedøvande opiumsvalmue.

Lilit var skapt av jord som Adam, og derfor skulle dei vera likeverdige og perfekte. Forskjellen på dei to var at Lilit ville vera åleine om å vera «på toppen» under samleie. Symbolsk betyr dette at ho sette seg sjølv høgare enn mannen sin. Konsekvensen av dette var at Gud kasta henne ut av Edens hage, samtidig som ho blei dømd til å vera mor for alle vonde ånder og demonar. Lilit blei så maken til leiaren i demonane, Ashmadai, og dronning over demonane. Ifølgje folketrua er ho ein trussel for kvinner under fødselen og nyfødde, og ho arbeider om natta.

Remove ads

Lilit-skikkelsar i annan mytologi

I karakter minner ho om den gresk-romerske Lamía. I Hieronymus sin latinske bibel Vulgata blei «Lilit» omsett som «Lamía».[17][18]

Som Lamía er Lilit eit tydeleg symbol for den «dårlege mora». Dei karakteristiske haldningane hennar gjer henne også samanliknbar med den greske Hekate, som ville ha menneskelege offer. Ho er forføraren som prøver å stela sæd frå menn når dei søv. Ho symboliserer sjalusi og vondskapsfull hemn. Ho kan også identifiserast med Brunhild i Nibelungsagaen, og er ein motsats til Grimhild, som kan samanliknast med Eva.

Trekk frå førestillingane om Lilit kan også finnast igjen i norske historier om Lussi. Også mara som rir sovande, jamfør mareritt, har likskapar med skildringane av Lilit som ein flygande nattdemon.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads