Opiumsvalmue

From Wikipedia, the free encyclopedia

Opiumsvalmue
Remove ads

Opiumsvalmue (Papaver somniferum) er ein art i valmueslekta.[1] Han er ein eittårig plante som kan bli opptil 1,5 m høg. Planten har blågrøne blad og ein stor blome som kan vera raud, blåfiolett eller andre fargar.[1]

Kjappe fakta

Ein kan vinna ut opium frå mjølkesafta til den umogne kapselfrukta. Frøa frå den mogne kapselen blir nytta i matlaging som valmuefrø, eller til å laga valmueolje.[1]

Valmuen høyrer heime i middelhavslanda, men blir også dyrka ei rekkje andre stader.[1] Han er blitt observert veksande fleire stader i Noreg, men blir ikkje rekna for å ha ein reproduserande bestand i landet.[2]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads