Limbo
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Limbo er ein tradisjonell danseleik som stammar frå den karibiske øya Trinidad. Under dansen blir ei horisontal stong sett opp mellom to vertikale stenger. Deltakarane skal dermed prøve å bukte seg under stonga med bøygde bein og bakoverbøygd overkropp utan å røre bakken med nokon annan kroppsdel enn føtene.[1] Deltakarar går ut dersom dei får stonga til å falle av eller kjem borti bakken. Etter at alle deltakarane har fullført sin tur, blir stonga fira noko ned.[2] Konkurransen held fram til berre ein deltakar står att.
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå limbo (fleirtyding).
Remove ads
Referansar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads