Limerick

From Wikipedia, the free encyclopedia

Limerick
Remove ads

Limerick (irsk Luimneach) er den tredje største byen i Republikken Irland. Han er administrasjonssete i County Limerick i provinsen Munster midt på vestkysten av Irland. Byen ligg ved elva Shannon.

For diktforma, sjå limerickvers.
Kjappe fakta Land, Provins ...
Remove ads

Historie

Luimneach var opphavleg eit namn på området ved breidda av Shannon-estuaret, som vart kalla Loch Luimnigh. Dei tidlegaste busetjingane i området var på øya Inis Sibhtonn i tida før vikingar kom til staden. Denne øya vart òg kalla Inis an Ghaill Duibh.

Sjølve byen vart grunnlagd av vikingar i 812. Normannarane bygde om byen på 1100-talet med bygg som King John's Castle og St Mary's Cathedral. Under borgarkrigane på 1600-talet hadde byen ei viktig rolle og vart omleira av Oliver Cromwell i 1651 og to gonger av vilhelmittane i 1690-åra. Limerick voks seg rik gjennom handel på 1700-talet, men Act of Union i 1800 og den store hungersnøden førte til ein økonomisk nedgang som først vart avbrote ved den såkalla keltiske tigeren i 1990-åra.

Limerick vart forbunde til jerbanelinja mellom Dublin og Cork i 1848 og til Waterford i 1853. Opninga av sidespor i 1850- og 1860-åra utvikla Limerick til eit kommunikasjonssenter i regionen.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads