Lindeslørsopp
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Lindeslørsopp (Cortinarius tiliae) er ein truga soppart frå Noreg. Han høyrer til slekta slørsoppar (Cortinarius). Soppen er endemisk for oslofjordområdet,[2][3] det vil seia at han berre finst der. Soppen er rekna som sterkt truga i Noreg.[1]
Soppen veks typisk i kalklindeskog, som er ein verna habitattype i Noreg. Han dannar ein sopprotsymbiose med lind.[1]
Ein reknar med at dagens førekomst er ein rest (relikt) etter eit større utbreiingsområde frå varmetida kjend som subboreal tid, då det vaks mykje meir lind i Skandinavia. Ein kjenner til 8 stader der arten veks, og reknar med at det finst rundt 500 individ av denne soppen.[4]
Remove ads
Raudlistevurdering
Lindeslørsopp er vurdert som sterkt trua EN, fordi arten har ein (særs) liten populasjonsstorleik, kombinert med små og isolerte, kraftig fragmenterte delpopulasjonar, og pågåande tilbakegang.[1]
Fotnotar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads