Linfen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Linfen (kinesisk: 临汾; pinyin: Línfén) er eit byprefektur sørvest i provinsen Shanxi i det nordlege Kina, i vest grensar det mot provinsen Shaanxi. Byprefekturet har eit areal på 20 275 km² og hadde vel 4,3 millionar ibuarar i 2010.

Byprefekturet Linfen omfattar eitt distrikt (区 qū), to byfylke (市 shì) og fjorten fylke (县 xiàn).
Gruvedrift er den viktigaste næringa i Linfen, fylgd av næringsmiddelindustri. Prefekturet har i mange år vore sterkt prega av forureining, særleg smog, frå kolkraftverka i området. Byområda er rekna for å vere av dei skitnaste og mest forureina i heile verda.
Kinas riksveg 108 går gjennom området. Riksvegen tek til i Beijing og fører via Taiyuan, Xi'an og Chengdu sør til Kunming i den sørvestlege provinsen Yunnan.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Linfen» frå Wikipedia på bokmål, den 23. september 2012.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads