Link Wray av Link Wray

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Link Wray er eit musikkalbum frå 1971 av rock and roll-pioneren og gitaristen Link Wray. Musikken er ei americanablanding med element av blues, country, gospel og folkrock. Gitarspelinga, komponeringa og vokalen til Wray reflekterer den moderne rocken på denne tida. Trass i pulisitet frå radio og trykte media i Washington-området, gjorde ikkje albumet det så bra nasjonalt.

Meir informasjon -kronologi ...

Somme spor frå dette albumet kom seinare ut på samlealbumet Guitar Preacher: The Polydor Years og heile albumet kom ut på det doble samlealbumet Wray's Three Track Shack i lag med andre innspelingar frå 1971 frå Beans and Fatback og Mordicai Jones.

The Neville Brothers spelte seinare inn «Fire and Brimstone» på albumet deira Yellow Moon, og det same gjorde Ralph Stanley for filmmusikken til Lawless. Bandet Calexico spelte «Fallin' Rain» som bonusspor på albumet deira Feast of Wire. Karl Blau spelte inn «Fallin' Rain» på albumet Introducing Karl Blau[1] i 2016.

Remove ads

Innspeling

Albumet vart spelt inn i 1971 av bror til Link, Vernon «Ray Vernon» Wray i Wray's Shack Three Track, eit tre-sporsstudio Link Wray hadde omgjort frå eit gammalt hønsehus på garden sin i Accokeek i Maryland, og miksa av Chuck Irwin. På dei meir høglydte songane plasserte dei høgtarar for gitaren til Link Wray ute i hagen, og sette mikrofonar i vindauga.[2] Ei stund hadde dei ikkje trommer, så på fleire spor trampar musikarane i golvet og ristar på ein boks med spikar.[2]

Mottaking

Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

På grunn av stilendringa frå tidlegare musikk Link Wray hadde spelt inn, vart albumet dårleg motteke av fansen.[3] Wray hadde venta dette, og kort tid før albumet kom ut sa han: «På sett og vis kunne eg ikkje brydd meg mindre om eg ikkje sel eit einaste album. Me er nøgd med det og me har gjort det på vår eigen måte.»[2]

I ei seinare melding kritiserteAllmusic albumet for det mangla intensiteten i den mest kjende musikken hans. Men dei hylla lidenskapen og ærlegheita på albumet og hevda at det har eldast betre enn det meste av countryrocken frå den tida.[3]

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

Medverkande

Produksjon

  • Produsent: Steve Verroca og Ray Vernon, i samarbeid med Bob Feldman
  • Lydteknikar: Ray Vernon
  • Miksing: Chuck Irwin

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads