Linneitt
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Linneitt eller koboltkis er eit mineral som krystalliserer kubisk og har spinellstruktur. Fargen er stålgrå, metallisk med raudleg skjer. Det består av kobolt og svovel, Co3S4, ofte med noko nikkel. Det er bestanddel i koboltmalm i Shaba i Kongo (Zaïre). Nærskylde mineral er siegenitt (Ni,Co)3S4, polydymitt Ni3S4, violaritt FeNi2S4 og carrollitt Cu(Co,Ni)2S4.
Det vart oppdaga i 1845 i Västmanland i Sverige og kalla opp etter Carl von Linné (1707–1778).[1]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads