Linux-kjernen

Unix-liknande operativsystemkjerne From Wikipedia, the free encyclopedia

Linux-kjernen
Remove ads

Linux-kjernen er ein fri Unix-liknande operativsystemkjerne, skriven av Linus Torvalds i 1991 og vidareutvikla av utviklarar rundt om i verda. Kjeldekoden er lisensiert under GNU GPL, og er dermed fri programvare. Han er tilgjengeleg frå [1].

Thumb
Linux
Thumb
Arkitekturen til Linux-kjernen.

Linux-kjernen var opphavleg utvikla for Intel 80386-prosessoren, men har seinare vorte tilpassa mange andre prosessorar. Han er skriven i programmeringsspråket C og nyttar GNU C-bibliteket[2]. Noko lågnivåkode er skrive i assemblerkode[2].

For å få eit komplett operativsystem vert Linux-kjernen kombinert med ein god del anna kode, det meste frå GNU-prosjektet, til det som vert kalla ein linuxdistribusjon. Ein linuxdistribusjon vert difor ofte omtala som eit GNU/Linux operativsystem.

Remove ads

Funksjon

Linus-kjernen har som oppgåve å styra maskinvare, som prosessor, dataminne og harddisker, og å fordele tilgang og resursar mellom system- og brukarprogramvare. Linux-kjernen er modulvis oppbygd og det er mogleg å konfigurera og kompilera han med ulik funksjonalitet. Nye drivarane kan lastast inn utan rekompilering[2][3].

Historie

Prosjektet starta i 1991 med at den då 21 år gamle finske studenten Linus Torvalds sende ein berømt post til Usenet-gruppa comp.os.minix:

I'm doing a (free) operating system (just a hobby, won't be big and professional like gnu) for 386(486) AT clones...[4]

På dette tidspunktet hadde GNU-prosjektet skapt mange av komponentane som var naudsynt i eit fritt operativsystem, men sjølve kjernen, GNU Hurd, var uferdig og ikkje tilgjengeleg. BSD-operativsystemet hadde framleis ikkje frigjort seg frå sine juridiske problemstillingar. Dette opna eit hol som Linux-kjernen kunne fylle. Til trass for den avgrensa funksjonaliteten i dei tidlege versjonane knytte linux-kjernen raskt til seg utviklarar som la til ny funksjonalitet og forbetringar.

Versjonshistorie

Vedlikehald

Linus Torvalds er ansvarleg for oppdateringar og frigjeving av nye versjonar, men han har delegert ansvaret for vedlikehald av eldre versjonar til andre programmerarar[5]. Vesjonar heilt tilbake til v. 2.0 vert vedlikehalden, sjølv om denne versjonen offisielt vart erklært utdatert i januar 1999.

Meir informasjon Kjerne-serie, Noverande versjon ...
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads