Atomubåtar som har gått ned

Wikimedia-listeartikkel From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Atomubåtar som har gått ned er eit oversyn over atomubåtar som har gått ned sidan 1963. Minst ni atomubåtar har gått ned. Fem av dei tilhøyrde Sovjetunionen. To tilhøyrde USA og to tilhøyrde Russland.

1900-talet

1963

USS «Thresher» frå USA sokk 10. april 1963. 129 døydde. Vrakstaden ligg 350 km aust for Cape Cod.[1]

1968

Thumb
Vrakdel, akterenden frå USS «Scorpion» som sokk i 1968.

USS «Scorpion» sokk 22. mai 1968. 99 døydde.[2] Vrakstaden er 740 km sørvest for Asorane. Ubåten var del av Skipjack-ubåtklassen.

1970

K-8 var den fyrste atomubåten frå Sovjetunionen som gjekk ned. Farkosten sokk med atomvåpen 11. april 1970[3] 52 døydde då fartøyet sokk. Vrakstaden er Biscayabukta i Nord-Atlanteren.

Dei to atomreaktorane og atomvåpena har ikkje vorte fjerna.[4]

1982

K-27 frå Sovjetunionen vart senka av sovjetiske styrkar 6. september 1982. Vrakstaden er i Karahavet på 30 meters djup.[5]

1983 og 1985

K-429 frå Sovjetunionen gjekk ned den 23. juni 1983. Fartøyet vart heva att. Fartøyet sokk igjen 13. september 1985, denne gongen medan det var fortøydd. Det vart hogd opp på 1990-talet.[6]

1985

Systerskipet til Changzheng 6 frå Kina skal ha gått ned i 1985.[7][8][9][10] Fartøyet skal ha tilhøyrd ubåtklassen Xia også kalla «type 092».

1986

K-219 frå Sovjetunionen sokk 3. oktober 1986 i Nord-Atlanteren, 950 km aust for Bermuda, med atomvåpen ombord. 5 personar døydde.[11]

1989

K-278 «Komsomolets» frå Sovjetunionen sokk ved Bjørnøya 7. april 1989 med to atomvåpen med stridshovud med uran og plutonium.[12][13] 42 døydde.[14] Vrakstaden er sørvest for Bjørnøya. Dette var den andre atomubåten som gjekk ned i Arktis.

Fartøyet hadde berre ein atomreaktor.[15] Kjernebrenselet har ikkje blitt fjerna frå vraket. I 2019 vart det målt radioaktiv lekkasje frå vraket frå 0,001 Bq per liter til 800 Bq per liter.[16]

Remove ads

2000-talet

2000: «Kursk»

K-141 «Kursk» frå Russland sokk 12. august 2000, og 118 ombord døydde.[17][18] Sju av dei 24 torpedoane vart gjort reie for.[19] I 2001 vart vraket, unnteke storparten av baugen, heva frå Barentshavet. Tømminga av reaktorane vart ferdig vinteren 2003.[18]

Reaktor-seksjonen er lagra i ein flytande kontainer ved Nerpa-verftet i Snjezjnogorsk utanfor Murmansk.[20]

2003

K-159 frå Russland sokk i 2003, og 9 personar døydde.[21] Fartøyet hadde allereie gått ut av teneste i 1989. Fartøyet ligg på 238 m djup i Barentshavet nord for Kolabukta,[22] mindre enn 130 km frå grensa til Noreg.[23]

I atomreaktorane finst det om lag 800 kg brukt kjernebrensel, sannsynlegvis ei legering av uran og aluminium.[24]

Vraket er den største einskilde potensielle kjelda til radioaktiv forureining av havmiljøet i Arktis, i følgje Statens strålevern.[23]

Remove ads

Vrak og vrakfjerning i Arktis

Fire atomubåtar har gått ned i Arktis - ein av dei vart senka. Tre av dei ligg framleis på havbotnen; ein av dei vart fjerna, bortsett frå storparten av baugen som ligg igjen på havbotnen.

Referansar

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads