Liten kuling

From Wikipedia, the free encyclopedia

Liten kuling
Remove ads

Liten kuling er vindstyrke 6 i Beaufortskalaen og den svakaste av kulingkategoriane. Vindsnøggleiken er då 10,8–13,8 m/s eller 40-50 km/t. Den eldre sjønemninga er toreva kuling.

Thumb
Verknaden til liten kuling på havet

Merk at både i engelsk, svensk (delvis) og dansk, så går denne vindstyrken framleis som bris, medan kuling (eller gale på engelsk) først kjem i vindstyrke 7.

Verknader

Land

Store greiner og mindre stammer rører seg. Det kvin i telefonleidningar. Det er vanskeleg å bruke paraply og ein merkar motstand når ein går.

I fjellet

Det er særs slitsamt å ta seg fram mot vêret. Snøfokk set ned sikta til under 1 km. Det vanskeleg å halde andletet uverna mot vinden i lengre tid. Folk flest bør ikkje legg ut på tur over snaufjellet ved denne og høgare vindstyrkar.

På sjøen

Store bølgjer (3-4 m) startar å danne seg. Skumskavlane er større overalt, og det kjem gjerne noko sjøsprøyt.

Remove ads

Andre språk

Meir informasjon Språk, Namn ...

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads