Little Wing

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Little Wing» er ein song skriven av Jimi Hendrix. Han vart først spelt inn av The Jimi Hendrix Experience på albumet Axis: Bold as Love i 1967. Han er rangert på 366. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene.

Meir informasjon Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Inspirasjon

Hendrix snakka med ein svensk journalist om songen i januar 1968 og sa, «Vel, det var ein song der som me gjorde mykje lyd på. Me køyrde gitaren gjennom Leslie-høgtalaren på eit orgel, og det høyrest ut som jelly bread. Det er basert på ein veldig, veldig enkel indiansk stil, veldig enkel. Eg fekk ideen då eg var i Monterey, og eg berre såg på alt kring meg. Så eg fann ut at eg skulle ta alt rundt meg og kanskje uttrykke det som ei jente kanskje, noko slik som det, og kalle han 'Little Wing', med andre ord, berre fly avstad. Alt flyr verkeleg og dei er verkeleg i godt humør, som politiet og alle var verkeleg bra der ute. Så eg berre tok alt dette og putta dei inn i ei særs lita fyrstikkeske, inn i ei jente og så gjorde det. Det var veldig enkelt. Det er ein av få eg verkeleg likar.»[1][2]

Remove ads

Stil

Forfattar Harry Shapiro har utforska songen og sagt at musikalsk er han «strukturert til å legge eit florlett tøtsj over heile songen frå den fengslande opninga og det stemningsskapande klokkespelet til bruken av Leslie-høgtalarane for gitaren. Lydskjermen roterer, og skapar ein Doppler-effekt i lyden. Jimi spelar songen nesten som ein pianist med tommelen på bassnotane som venstrehanda til ein pianist, medan fingrane på gitarbanda samsvarar med den høgre. Songen tonar ut i ein magisk solo etter berre litt over to minuttar.»[2]

Remove ads

Andre versjonar

«Little Wing» er spelt inn av mange andre artistar:

  • G3: Live in Denver, eit turneband med Joe Satriani og Steve Vai.
  • Derek and the Dominos på albumet Layla and Other Assorted Love Songs i 1970.
  • Gil EvansPlays The Music Of Jimi Hendrix i 1975.
  • Sting...Nothing Like the Sun i 1987.
  • Stevie Ray Vaughan, på The Sky Is Crying i 1991.
  • Skid RowB-Side Ourselves (1992).
  • PappoBlues Local (på spansk) (1992).
  • Concrete BlondeStill in Hollywood i 1994.
  • The CorrsTalk on Corners (1997).
  • Snowy WhiteLittle Wing (kalla Melting i USA) (1998).
  • Nigel Kennedy, den engelske fiolinist, på The Kennedy Experience (1999).[3]
  • Ottmar Liebert + Luna Negra XL på Little Wing (2001).
  • Popa ChubbyElectric Chubbyland: Popa Chubby Plays Jimi Hendrix (2006).
  • Def Leppard på spesialutgåva av Adrenalize (2009).
  • Santana (leia av Carlos Santana) med Joe CockerGuitar Heaven: The Greatest Guitar Classics of All Time (2010).
  • Josh CharlesTrippin' The Keys: Music Of Jimi Hendrix i 2010.

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads