Liv Inger Somby

kvinneleg forfattar (1962-) From Wikipedia, the free encyclopedia

Liv Inger Somby
Remove ads

Liv Inger Somby (fødd 25. mars 1962) er ein samisk høgskolelektor, forfattar og tidlegare journalist.[1] Ho er lektor ved journalistutdanninga på Samisk høgskole, der ho underviser i urfolksjournalistikk. I 2023 blei ho vald til rektor for Samisk høgskole for ein fireårsperiode.[2]

Tidleg i 1990-åra byrja Somby å samla inn historier frå eldre samiske kvinner der dei fortalde om erfaringane sine frå tida under fornorskingspolitikken.[3] Ho offentleggjorde historiene og presenterte prosjektet sitt for andre urfolkskvinner på SN sin kvinnekonferanse (CSW) i New York i 2018.[3]

Somby er medlem av Sannhets- og forsoningskommisjonen som skal granska fornorskingspolitikk og urett begått i høve til samar, kvenar og norskfinnar.[4] Ho har også medverka i TV-serien Reinlykke (2008) og TV-dokumentaren Gollegiisá (2013), begge deler på NRK.[5]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads