Liv og Livtrase
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Liv og Livtrase (norrønt Líf og Lífþrasir) er namnet på dei to menneska som skal overleva Ragnarok i norrøn gudetru. Liv er namnet på kona i dette paret, medan Livtrase er mannen hennar. Namnet «Liv» betyr 'liv',[1] mens Livtrase betyr 'den som kjemper for livet'.[2]

Etter det store gudeslaget søker dei to ly i Hoddmimeholtet, der det einaste dei har å leva på er morgondoggen. Dei overlever både eldstormen som herjar verda, og den lange, kalde Fimbulvinteren. Frå dei skal menneskeslekta i den nye verda koma.[3]
Remove ads
I den norrøne litteraturen
Liv og Livtrase er nemnde i Vavtrudnesmål, der guden Odin stiller eit spørsmål til jotunen Vavtrudne (Vafþrúðnir) om kven frå menneskja som vil overleva Fimbulvinteren. Vavtrudne svarer at dette vil vera Liv og Livtrase, at dei vil ha gøymd seg i Hoddmimeholtet, at dei vil ha morgondogg som mat, og gje opphav til nye generasjonar.[4]
I kapittel 53 av Den yngre Edda, Gylfaginning, fortel Høg, Jamhøg og Tredje til Gangleri (kong Gylfi i forkleding) at to menneske, people, Liv og Livtrase, vil vera gøymde i Hoddmimeholtet for Surt-elden, og så gje opphav til mange folk som kan folkesetja verda. Deretter blir verset frå Vavtrudnesmål sitert.[5]
- Vavtrudne kvad:
- Liv og Livtrase
- løynde held seg
- i Hoddmimes holt;
- av morgondoggi
- sin mette dei fær,
- frå dei skal ætter alast.[6]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads