Live Killers

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Live Killers er eit konsertalbum av det britiske rockebandet Queen, opphavleg gjeve ut 22. juni 1979.[7]

Meir informasjon Queen-kronologi, Singlar frå ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...
Remove ads

Bakgrunn

Albumet vart spelt inn live i Europa under Jazz-turneen til Queen, mellom januar og mars 1979. I følgje boka Queen Live - a Concert Documentary av Greg Brooks, er «Don't Stop Me Now», «Spread Your Wings» og «Brighton Rock» frå Stadthalle i Bremen den 20. januar. «Death On Two Legs» er frå Sporthalle i Köln den 1. februar. «Sheer Heart Attack» er frå Rudi Sedlmayer Halle i München den 11. februar. «'39» og «Now I'm Here» er frå Festhalle i Frankfurt den 2. februar, og det same er «Love Of My Life» som vart stadfesta i teksten på omslaget til DVD-utgjevinga Greatest Video Hits 1. Det er ikkje kjend kvar resten av songane kjem frå. Brian May sjølv har sagt at han ikkje hugsar kvar hen kvar song kom i frå.

Albumet vart produsert av bandet sjølv og det var det første dei miksa i det nye studioet sitt, Mountain Studios i Montreux i Sveits.[7]

Gitaristen Brian May og trommeslagaren Roger Taylor sa seinare i det amerikanske radioshowet In the Studio with Redbeard at bandet hadde miksa Live Killers på eiga hand og ikkje var nøgd med det endelege resultatet.

Trass i dette nådde albumet tredjeplassen på UK Albums Chart og 16. plassen på Billboard 200 i USA. Det har seld til dobbel platina i USA.[8][9]

I områda utafor USA, Europa og Canada, gav Elektra Records ut ei kortare, redigert utgåve av albumet i 1985, kalla Queen Live.

1994-utgåva av albumet kom utan betra lyd, men i 2001 vart albumet remastra med betre lydkvalitet.

Remove ads

Innhald

Side ein

Meir informasjon Nr., Tittel ...

* Delar av introen er sensurert då Mercury seier «This song is about a real motherfucker of a gentleman.»

Side to

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Side tre

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Side fire

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Singlar

  • «Love of My Life» (opptak frå Festhalle Frankfurt, 2 Feb 1979 - redigert versjon)/«Now I'm Here» (opptak frå Festhalle Frankfurt, 2. feb 1979)
  • «We Will Rock You» (Fast Version) (Live)/«Let Me Entertain You» (Live) – Elektra E46532; utgjeve august 1979

Lister

Meir informasjon Land, Lister ...

Medverkande

Produksjon

  • Master laga av George Marino på Sterling Sound, NYC

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads