Livemiles
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Livemiles (seinare gjeve ut som Live Miles) er det 34. albumet og det sjette konsertalbumet til det tyske electronicabandet Tangerine Dream. Det var det siste albumet deira med Chris Franke. Den første halvdelen av albumet er ei innspeling frå ein konsert i Albuquerque i New Mexico i USA 8. juni 1986. Den andre halvdelen er ein remiksa versjon av ein del av ein konsert i Vest-Berlin i Tyskland 1. august 1987.[2]
Det er blitt stilt spørsmålsteikn ved opphavet til plata. Nøye analysar av eit opptak gjort av publikum frå konserten i Albuquerque (inkludert lydsjekken)) syner at ikkje noko av «Albuquerque Concert» på Livemiles kjem frå denne konserten. Andre opptak frå den amerikanske turneen i 1986 indikerer at musikken vart spelt inn etter turneen i 1986, truleg i studio.[2] Somme av denne musikken vart framført i 1988 etter Chris Franke hadde slutta.
Remove ads
Innhald
Medverkande
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads