Livin' on the Edge
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Livin' on the Edge» er ein song av det amerikanske hardrockbandet Aerosmith. Songen var skriven av Steven Tyler, Joe Perry og Mark Hudson. Han kom ut i februar 1993 som den første singelen frå albumet Get a Grip. Singelen nådde 18. plassen på den amerikanske Billboard Hot 100-lista, tredjeplassen på Cash Box Top 100, og han gjekk til topps på Billboard Album Rock Tracks-lista, der han låg i ni veker. I Storbritannia nådde songen 19. plassen på UK Singles Chart i april 1993.
Remove ads
Bakgrunn
Ifølgje sjølvbiografien til bandet Walk This Way, vart songen inspirert av Los Angeles-opptøyane i 1992.[1] Tyler nemner òg i boka at songen inneheld lyden av ei basstromme han stal frå vidaregåande skule; fire høge slag høyrest frå den tromma i ein pause mellom siste vers og refreng.
Musikkvideo
Musikkvideoen skildrar hærverk, biltjuveri, bilkøyring, kollisjonspute-krasj, uverna sex, vald blant ungdom i skulealder, transkledde-lærarar, ein naken Steven Tyler som held ein glidelås i skrittet med halve kroppen svartmåla (for å gi effekten av at han drog ned glidelåsen og opna kroppen) og gitaristen Joe Perry som speler ein gitarsolo framfor eit motgåande McCloud River Railroad-godstog. Togscena vart filma på Lake Britton Bridge i Lake Britton. Brua i Shasta County i California, den same brua der den kjende togscena i filmen Stand by Me vart filma og nyttar same Introvision-teknologi. Videoen er regissert av Marty Callner og har skodespelaren Edward Furlong i hovudrolla.
Remove ads
Mottakelse
«Livin' on the Edge» vart møtt med avvisande reaksjonar frå musikkritikarar. Mark Coleman melde Get a Grip for Rolling Stone, og siterte «Livin' on the Edge» som eit døme på at albumet «speler det trygt i samsvar med strenge retningslinjer frå slutten av åttitalet», og la til at det «stig opp i ein svevande, Bon Jovi-aktig kraftkoral; berre dei grynete gitarane på brua held den forbanna tingen på bakken.»[2] David Browne frå Entertainment Weekly fann òg at songen var ubehageleg avleidd av Bon Jovi, og notert at han «kunne ha fungert betre viss han ikkje høyrdest ut som Bon Jovi som prøvde hardt å høyrast ut som Aerosmith.»[3] Både Browne og Allmusic-skribenten Stephen Thomas Erlewine skildra teksten som eit halvhjarta, ineffektivt forsøk på sosial kommentar.[3][4]
Songen vann ein Grammypris for beste rockesong av ein duo eller gruppe med vokal for året 1993.[5] Videoen til songen gav bandet ein MTV Video Music Award - Viewer's Choice i 1993. Videoen vart òg kåra til «beste video» av lesarane til Metal Edge i 1993.[6]
Konsertversjonar
«Livin' on the Edge» har vore eit fast innslag på Aerosmith-konsertar heilt sidan utgivinga. Under Get a Grip-turneen framførte bandet ein del av «She Cried» (ein song spelt inn av mellom anna Jay and the Americans) som intro til «Livin' on the Edge». Opptredenar involverte ofte at Tyler skreik «There ain't no life nowhere» (frå songen «I Don't Live Today» av The Jimi Hendrix Experience) og deretter pusta tungt over eit sterkt lys under det korte mellomspelet. «Livin' on the Edge» vart framført på MTV Video Music Awards i 1993, Grammyprisutdelinga og på Woodstock '94. I tillegg framførte bandet songen som ein del av settet på velgjerdskonserten United We Stand i Washington, D.C. kort tid etter 11. september-åtaka.
Remove ads
Innhald
CD-singel
US maxi-CD single
Strengt avgrensa CD-singel
German CD single
Remove ads
Salslister
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads