Livmorhals

From Wikipedia, the free encyclopedia

Livmorhals
Remove ads

Livmorhals (latin cervix uteri eller collum uteri) er sambandet mellom vagina og livmora i kvinneleg anatomi. Han utgjer den nedste delen av livmora. Den nedste delen av livmorhalsen stikk ned i vagina.[1]

Kjappe fakta Klassifikasjonar og ressursar, MeSH ...

I medisinsk terminologi blir innsida av livmorhalsen kalla endocervix. Holrommet i livmora snevrar i livmorhalsen inn til ein kanal kalla canalis cervicalis. Den nedste delen av halsen blir kalla portio i ein opning kalla ytre mormunn (ostium uteri). Denne opningen er vanlegvis liten og rund om han ikkje har gått gjennom ein fødsel, og permanent tverrspalta etter ein fødsel.[1]

Livmorhalsen er lett tilgjengeleg for medisinske undersøkingar.[1] Han blir brukt til å ta celleprøvar for å finna teikn på mogleg livmorhalskreft.[2]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads