Liwa-oasen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Liwa-oasen
Remove ads

Liwa-oasen (arabisk واحة ليوا, Wāḥḥat Līwā) er ein stor oase i Abu Dhabi i Dei sameinte arabiske emirata.

Kjappe fakta Land, Emirat ...
Remove ads

Geografi

Thumb
Vegen frå landsbyane i Liwa-oasen.

Liwa-oasen ligg kring 100 km sør for kysten av Persiabukta og 150 km sør-sørvest for byen Abu Dhabi i Al Gharbia-området, langs nordkanten av ørkenen Rub' al Khali. Han strekkjer seg kring 100 km frå aust til vest, langs ein boge i nord. Det ligg kring 50 landsbyar i oasen. Det geografiske og økonomiske senteret i oasen er Muzayri`, der hovudvegen frå Abu Dhabi går inn i oasen, og så deler seg i aust og vest.

I følgje ei folketeljing i 2005 var folketalet 20 ,196.[1]

Landsbyane i Liwa-oasen er dei sørlegaste busetjingane i Abu Dhabi og Dei sameinte arabiske emirata. Sørgrensa til Abu Dhabi med Saudi-Arabia, som ligg mellom 16 og 35 km frå oasen, er ei rett linje i ørkenen, som er stort sett folketom. Mahdar Bin `Usayyan er den sørlegaste landsbyen i Emirata, og den austlegaste i oasen. 10 km sør for grensa og 40 km sør for den austlege delen av oasen, ligg det saudiarabiske oljeanlegget Shaybah. Det er ingen veg mellom Liwa-oasaen og Shaybah, og ingen grenseovergang.

Remove ads

Økonomi

Ei viktig næring i oasen er dyrking av dadlar. Det er mykje bruk av dryppvatning og drivhus. Turisme vert stadig viktigare, og her finst eit par hotell, hovudsakleg for embets- og forretningsfolk.[2] I nærleiken ligg Moreeb-dynene, 22 km sør for Muzayri` langs ein liten veg. Med ei høgd på 300 meter er dei av dei største sanddynene i verda, og tiltrekkjer seg turistar kvart år under Liwa-festivalen.[3]

Remove ads

Historie

Oasen er fødestaden til dei regjerande familiane i Abu Dhabi og Dubai. I 1793 flyttar herskarfamilien Al Nahyan frå Liwa til byen Abu Dhabi.[4]

Tradisjonelt var menn frå Liwa (bani yas-stamma) perledykkarar på kysten om sommaren.

Landsbyar

Meir informasjon Landsby, arabisk ...
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads